Eg introduserer mitt lille 17.mai-album med eit lite tilbakeblikk frå i fjor! Her er det altså underteikna og Ole Johan Dybvik, som representerer GODØYVEGGEN i den tradisjonelle rokonkurransen i Geilevika.
I år var nasjonaldagen velsigna med eit strålande ver, og i spissen for toget fann vi blant andre Ørjan, stolt flaggberar;)
Andreas Berglund flaggar og går samtidig, ikkje verst Andreas!
Kikkan har gløymt å gnike vekk søverusket, so han skjuler det med dei aller mest femi solbrillene han fann i skuffa si.
Anders og Nils-Ove, gjeng dei frivillig skal tru?
So klart!
Mykje frisk ungdom i toget;)
Men nokon har misforstått begrepet "Å pynte seg"...
Prakteksemplar av ein konfirmant?
Nokon MÅ berre stå i vegen når bilde skal takast..
Som sitt søskenbarn.. Poseringsvillige, det skal dei ha!
Den tradisjonelle hesteskokastinga ved hallen.
Kjetil prøver so godt han kan...
Men må gi tapt for ein suveren Oskar Kåre!
Tautrekkinga er minst like tradisjonell, her er det damerne som gjer seg klare!
Nåraføringane legg breisida til..
Mannfolka legg enda breiere sider til!
Underteikna var dessverre ikkje til stades, men tippar nåraføringane vann denne konkurransen i år;)
17.mai for første gong!
Tryggheim barnehage hadde laga flotte dekorasjoner, men ein lokal tubadur måtte sjølvsagt stille seg i vegen for bilete..
Her ser vi litt betre!
Hallen var som vanleg fylt av bunadkledde, feststemde Godøyingar!
Her har vi dagens talar, Nils-Ove Støbakk, anar eg eit nervøst blikk før det store høgdepunktet?
Det må sjølvsagt dokumenterast frå fleire vinklar, so den stolte talar tok like gjerne bilete av seg sjølv på talarstolen,med folket i bakgrunnen!
Skulle tru han hadde gjort dette før, umiddelbart varm i trøya;)
Dagens "lydteknikar". Lei av talen eller skeptisk til volumet?
Stolt som ein hane, og Maria fekk æra av å overrekke ein blomsterkvast til helten.
Tilbake til kakebordet, som bugna av godsaker!
Det flotte Ungdomskoret, med Lisa-Mari som dirigent!
Det eminente bandet backa opp koret med glimrande speling;)
Lengst bake i hallen sat ei samling meir eller mindre Russete ungdomar.
Den lange dagen gjeng mot slutten, det ser ut som det har gått hardt utover dei yngste i forsamlinga, her er det Danny som tydelegvis er prega av å gå i tog.. Eller er det Nils-Ove sin tale som ikkje er so spanande?;p