Grafikk
Eg byrja å arbeida med grafikk då eg studerte i England, der hadde eg tilgong på ein flott grafikk-verkstad og eksperimenterte mykje. Dialogen mellom material, teknikk, prosess og idé er utruleg morosam når det oppstår uventa fine ting, og tilsvarande frustrerande når det oppstår uventa ting som kanskje ikkje er fullt så fine.. Eg fekk 1.års arbeidsstipend ved Norske Grafikeres Verksted i 2006, men pga. kronisk betennelse i skulder fekk eg desverre ikkje utnytta det. Å jobbe med tradisjonell grafikk kan også vere fysisk hardt arbeid, særleg når ein arbeider i store format. Skuldera er heldigvis på bedringens veg ved hjelp av god behandling hos fysioterapaut og kiropraktor, så kanskje kjem det nye grafiske arbeid her etterkvartt!
May 25, 2007
Photos: 50